Velkomen til Håndballuka i Sotra Arena! – Bergen

Velkomen til Håndballuka i Sotra Arena!

Det gler oss stort at Håndballforbundet igjen legg til rette for handballfest i Sotra Arena

På same måte som under den flotte opninga av hallen i oktober i fjor, har vi hatt forventning til at handballfolket fyller opp hallen også denne veka.

Det smakfulle programmet vil heilt sikkert freista mange til å møta opp i hallen. Den opne treninga måndag kveld der det vart invitert til trening saman med proffane, må ha vore ei stor oppleving for mange. Det er flott at handballveka vert avslutta med to toppkampar for kvinner og menn onsdag kveld.

Sotra Arena vart bygd for å tilfredsstilla dei behova idretten i Fjell har i dag og dei behova vi ser vil koma i framtida. Etter at hallen har vore i bruk i godt og vel eit halvt år, har vi fått stadfesta at hallen oppfyller denne visjonen. Fleirbrukshallen ligg ved det som om få år vil vera Sotra Kystby og vil soleis vere eit særs viktig bidrag til satsinga Fjell kommune har på folkehelse og alle ut i aktivitet.

Og i juni er det ny festdag i Sotra Arena. Den 14. juni møter herrelandslaget Austerrike i avgjerande kvalifiseringskamp for VM. Set av datoen allereie no!